Kyrkjelyden i Gaular ønskjer å famne vidt og vere er raus folkekyrkje i vårt område, - ja, den skal vere for alle! Hovudsamlinga for kyrkjelyden er gudstenesta på søndagar. Vi ønskjer at gudstenesta skal vere open og inkluderande. Det vil vi vise ved at konfirmantar helsar ”vel møtt!” og delar ut salmebok og program i døra. Ved at gudstenesta er godt førebudd med samanheng mellom musikk, salmar, forsongarar, bøner, tekstar og preike. Ved at nattverdbordet er duka og det ope for dåp i dei alle fleste gudstenester. Ved at det ofte er kyrkjekaffi og rom for sosial prat etter gudstenesta.

Visjon
Gaular sokn delar visjonen til Bjørgvin bispedøme: - ”Saman vil vi ære Den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.”


Alle!
Det er ingen løyndom: Kyrkjelyden i Gaular ønskjer å famne vidt og vere ei raus folkekyrkje i vårt område, - ja, den skal vere for alle!


Vel møtt!
Hovudsamlinga for kyrkjelyden er gudstenesta på søndagar. Vi ønskjer at gudstenesta skal vere open og inkluderande. Det vil vi vise ved at konfirmantar helsar ”vel møtt!” og delar ut salmebok og program i døra. Ved at gudstenesta er godt førebudd med samanheng mellom musikk, salmar, forsongarar, bøner, tekstar og preike. Nattverdbordet er duka og det ope for dåp i dei alle fleste gudstenester.
Ved at det ofte er kyrkjekaffi og rom for sosial prat etter gudstenesta.


Livsmot og tru!
Kyrkjelyden ønskjer å samarbeide og saman bidra positivt til samhald ved å skape gode møteplassar som gir mot til tru og liv i bygdene våre.


Teneste
Kyrkjelyden skal vere til teneste og tilstades i alle livets fasar. Planlegging og gjennomføring av bryllaup. I dåpssamtale og dåp. Småsong. 2-års samling. 4-års bok med samlingar. 6-års bok med samlingar. ”Tårnagentar” for 3. klassingane. Utdeling av Bibelen til alle i 5. klasse med bibelkurs om ”Den store forteljinga” etterpå. Konfirmasjonsundervisning. Ungdomsklubb.
Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med skule- og barnehagar. Kvart år kjem 3. og 4. klassingane til fleire samlingar i kyrkja og lærer om dåp, om kyrkja, symbol, kyrkjeår, påske og om sorg og gravferd.
Skulane har i mange år gitt gode bidrag til kyrkjebladet.
Barnehage på Sande er vel vane med å få vitjing omkring påsketida og dei framfører det tradisjonelle julespelet sitt i Sande kyrkje kvart år i advent. Det er tilbod om skule- og barnehage- gudstenester kvart år.


Midt i livet
Tilbodet til vaksne og familiar endrar seg frå år til år. Vi har hatt ”Bli-kjent-kurs” for menneske med særskilde behov, ”Bli-kjent-i-Gaular” for alle som er ny-tilflytta, Alpha-kurs som er eit grunnkurs i kristen tru, Stille messe og bibeltimar i faste-tida, song-kveldar, konsertar, pilegrimsvandring/olsokvandring, medarbeidarsamlingar, bibelgrupper, basar, kveldsmat på skjærtorsdag, påskefrukost for heile familien påskedag, kyrkjemiddagar og meir.


Alderdom
Kyrkjelyden syter også for at det er tilbod om andakt og gudsteneste med nattverd på Gaular byde- og sjukeheim. I tillegg har organisten ”Songstund” ein gong i veka med dei eldre – eit stort og godt tilbod. Det er generelt godt samarbeid med kor og musikarar i nærområdet vårt.


Samtale
Det er også høve for å be om sjelesorg, samtale og forbøn. Prest eller diakon reiser ut til heimane med nattverd (soknebod) og høve til samtale/andakt for menneske som av ulike årsaker ikkje har høve til å delta på anna vis.


Sorg
Kyrkjelyden vår skal også ha eit tilbod når dagane er vanskelege, ved sjukdom, krise, ulukke, sorg og gravferd. Kyrkjelyden ønskjer å gi støtte, god hjelp og omsorg omkring alvorleg sjukdom og død. Sorgsamtale og gravferd er eit viktig og prioritert område. I så stor grad vi kan ønskjer vi også å gi oppfølging undervegs og i etterkant.


Husrom
Forutan dei tre kyrkjene våre, Viksdalen kyrkje (1848), Sande Kyrkje (1864) og Bygstad kyrkje (1845) er det også nokre få gudstenester i Hestad kapell (1805). Kyrkjelydshuset ligg på Sande og husar både kyrkjekontor og gode forsamlingslokale. Desse er høve til å leige for private og for lokalsamfunnet vårt.


Informasjon
Kyrkjebladet er viktig, blir lese og gir god informasjon som kva som skjer i kyrkjene våre. Vi ser også at stadig fleire nyttar nettsidene våre. Det er vi glade for.


Bli med!
Vi er takksame for våre friviljuge medarbeidarar, men vil gjerne ha fleire! Engasjement gir eigarskap og påfyll. Vi ser at vi har potensiale til å utvikle oss. Saman kan vi skape eit ”vi” - kyrkja i Gaular er folket si kyrkje!


Saman
”Saman vil vi ære Den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.”

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"